Ny bok frå Vartdal-forfattar

Rønnaug Kleiva er aktuell med romanen Vinden og kattane, ei sterk ungdomsbok om psykisk sjukdom i familien og om ei ung jente som må ta seg av familien, melder Samlaget.

Rønnaug Kleiva  Foto: Det Norske Samlaget

Kultur

"- Ikkje tenk på verdsrommet, plar mor mi å seie, - ikkje tenk på det endelause, då blir du galen. Røynda og livet er vanskeleg og ubegripeleg nok.

Eg løftar blikket og ser på alle stjernene som blenker."

I Vinden og kattane møter lesaren femten år gamle Johanna som bur i lag med mor og veslesøster. Mor slit psykisk, og døyver kjenslene med alkohol, og ho maktar ikkje å sjå kva barna hennar treng. Far lev eit nytt liv med den nye kjærasten sin. Johanna må ta seg av både mor og den mykje yngre søstera, samstundes som ho skal finne ut kven ho er som eit sjølvstendig menneske. Ho søkjer kjærleik og nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng.

Vinden og kattane handlar om å bli vaksen altfor fort, og om familieband, lojalitet og djup kjærleik sjølv i ein familie der ting ikkje er heilt perfekt.

Rønnaug Kleiva (f. 1951) har gjennom eit langt forfattarskap for barn, unge og vaksne skrive om kor mykje eit menneske kan tole i relasjonar, og som ofte i bøkene hennar er omsorgssvikt og einsemd tematikk i Vinden og kattane. Kleiva har skrive meir enn 30 bøker, og har mellom anna fått Noregs mållags barnebokpris (1990), Kritikerprisen og Kulturdepartementets barnelitteraturpris (1997).

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.