– Ein viking kjem til Volda

I sommar kjem det ein viking til Volda. Med seg har han eit filmteam som skal lage film for Gyldendal si digitale storsatsing, Salaby.

Regissør: Ola Martin Fjeld skal lage film og vil ha med seg voldingar og ørstingar. 

Kultur

– Filmen handlar om ein ung viking som på mystisk vis kjem til vår tid og må setje seg inn i vår tid sin etikk og normer. Eit spennande møte mellom det gamle og nye, og all handling skjer i dei flotte omgjevnadene i og rundt Volda, seier regissør Ola Martin Fjeld.

Dei ser etter lokale aktørar som kan bli med som skodespelarar og statistar i filmen. For å leie prosjektet har Gyldendal henta heim regissør Fjeld som for tida held til i Mexico.

Salaby er eit digitalt læringsunivers for barnehage og grunnskule. Gjennom ulike oppgåver, spel, filmar og temaopplegg får elevane ein engasjerande måte å lære seg fag på. No skal det bli laga film om etikk og moral, og produksjonsteamet har valt Volda som innspelingsstad.

– Vi ønskjer at det skal vere med så mange lokale menneske frå både Volda og Ørsta som mogleg. Derfor kjem vi til Volda for å prøvefilme skodespelarar og statistar. Alle er velkomne til audition, seier prosjektleiar hos Gyldendal, Gjertrud Langva.

– Vi ser etter barn i alder 10–14 år til hovudroller, biroller og statistroller. Vi ser etter alle typar personlegdommar, så alle med ein skodespelar i magen blir oppfordra til å kome på prøvefilming. Men ein treng ikkje å ha erfaring med korkje film eller teater frå før, seier Fjeld.

Prøvefilminga finn stad 27. mai og 29. mai i Volda.