Statsministeren helsa Bygdepride

– Pride er viktig fordi å vere synleg førebyggjer fordomar

Kultur

Jonas Gahr Støre, Arill Riise og statsminister Erna Solberg var nokre av dei som har sendt helsingar til årets Bygdepride. Laurdag lanserte Bygdepride det store prosjektet som dei har jobba med nemleg Bygdepride-filmen.

– Pride er også viktig fordi noko av det største vi kan feire er kjærleiken. De skapte ei stemning og eit samhald som raskt smitta over til mange andre bygder og distrikt. Slik viser Pride i Noreg at skeiv ikkje er noko du er ei veke i juni på tur til Oslo, men noko du er når som helst og kor som helst året rundt, sa Solberg i si helsing.


Samla seg om Bygdepride

– Veldig glade for at vi fekk til eit fysisk arrangement

Regnbogeflagga er godt synlege både i Volda og Ørsta under Bygdepride. Koronarestriksjonane har for andre år på rad gjort det vanskeleg med arrangement, men fredag kunne folk samle seg i Aasen-tunet.