UKM kunne endeleg gjennomførast

– Ganske digg å stå på ei scene igjen

Koronautbrotet i Volda og Ørsta for to månader sidan sette ein stoppar for UKM. Laurdag vart storsalen i Ørsta kulturhus igjen fylt med kulturelle opplevingar frå talentfulle ungdomar.

Første UKM: Sofie Brautaset Holen (11) stod på scena for første gong under UKM laurdag. 

Kultur

– Det er lenge sidan vi har fått stå på ei scene og det har skjedd veldig lite kulturelt i ein lang periode no. At UKM kan gjennomførast er ganske digg, seier duoen Jonas Årsheim Arnorsson og Andreas Sundgot i Toknauda.