Samla seg om Bygdepride

– Veldig glade for at vi fekk til eit fysisk arrangement

Regnbogeflagga er godt synlege både i Volda og Ørsta under Bygdepride. Koronarestriksjonane har for andre år på rad gjort det vanskeleg med arrangement, men fredag kunne folk samle seg i Aasen-tunet.
Kultur

– Fantastisk kjekt å sjå folk og vi er veldig glade for at vi fekk til eit fysisk arrangement att. I fjor var det kjipt og så vart det litt betre i år. Regnbogemessa som vi skulle ha i vår er heller ikkje avlyst. Den blir arrangert i oktober.