Sæbø generasjonskorps: God rekruttering gjer at framtida ser lys ut for Sæbø Generasjonskorps. Sist veke var store delar av korpset samla for første gong i år og førebuingane til nasjonaldagen er godt i gang. Foto: Joachim Åsebø

– Kjekt å vise fram til andre det vi har øvd på

– Medlemmane er utruleg lojale overfor korpset og kvarandre. Dei møter opp for å halde liv i eit korps med ei lang historie, seier dirigenten for Sæbø Generasjonskorps, Sander Andersen.