Festivalane er positive - 17. mai blir no annleis

Korleis blir kultursommaren?

Festivalsommar: Fleire av dei lokale festivalane er optimistiske på å få gjennomført arrangement i år.  Foto: Arkiv.

Kultur

Fleire av dei lokale festivalane har allereie gitt beskjed om at det blir aktivitet i sommar. Det første store arrangementet som ventar om ein månads tid er nasjonaldagen. I fjor vart det 17. mai ein dag prega av snø, biltog og kreativ feiring. Slik ligg det og an til å bli i år. Ørsta IL fotball står for arrangementet i Ørsta sentrum. Førebels har det vore lite aktivitet i 17. mai-nemnda grunna nasjonale føringar.