Animasjonsserien «Planet Ørsta» tek av på nett

Ein anonym animatør-trio på Sunnmøre har laga animasjonsserien «Planet Ørsta». Det vart populært.

Thomas Ryste gir stemme til Kjell «Kjellen» Bigset, nyutdanna fjordmor i Planet Ørsta.   Foto: Skjermdump frå serien

Kultur

– Då vi la ut den første episoden, forventa vi å få rundt 50 visningar frå vennar og familie. Så fekk vi tilbakemeldingar frå folk som sa at dei lo så dei datt av stolen. No har den episoden blitt sett 21.000 gonger, seier «Svennj», til NRK.