Har ambiøse planar for Olav Strømme-galleriet

– Vi vil gjerne utvide samlinga med kjende verk

Olav Strømme-galleriet i Ørsta er eit resultat av raust engasjement frå private, bedrifter og offentlege instansar lokalt, regionalt og sentralt. Hovud- føremålet er å spreie kunnskap om Strømme og kunsten.

Olav Strømme-galleriet: Leiar Anne Ellingsen og nestleiar Lisbeth Bjørneset Myklebust med eit av dei nye tilskota til Strømme-galleriet. Det andre heng på veggen rett bak biletet som leiaren held oppe. 

Kultur

Strømme var i si tid ein av dei mest kjende modernistane og samtidskunstnarane i Noreg, og han var frå Sunnmøre, frå Ørsta, seier Anne Ellingsen og Lisbeth Bjørneset Myklebust i Volda og Ørsta Kunstlag.