Ny musikk og video frå Egil Olsen

– Eit nytt unikt kunstverk laga av lyd, rytme og ord

Kultur

– Min nye singel 'don't be a tool' er ein typisk goth-jazz-jam med eit psykedelisk hint av tradisjonell dixibilly og ADM. Med uling, orgel, klarinettar og trommesolo, tek den deg med på ei reise både fram og tilbake i tid og til ein annan dimensjon. nei da, heiter det i ei pressemelding frå Olsen.

Ørstingen, som no har busett seg i Volda, vore aktiv på konsertscena lokalt den siste tida. Han skal og spele under Veka i Volda.

– Med motiverande tekstar som "a wise man once said gaga goo goo” skreiv eg songen til min kjære vesle eitt år gamle gut etter nokre månader i lockdown. Han hadde knapt sett andre menneske i sitt liv, og eg tenkte mykje på kor eg ønska at han, når alt dette er over, skal vekse opp, kome seg ut i verda og "chug like a train and go choo choo". Men som anstendig far, er det viktig for meg at han gjer det med respekt og nåde – "do whatever the hell you wanna do, so long as you're well behaved and cool. don't be a tool”.