UKM blir ikkje slik i år

Klare til aksjon: Ein stor bukett med ungdomar klare for UKM i 2020.  Foto: Bendik Mork Folkestad/Arkiv

Kultur

Ungdomens kulturmønstring blir arrangert i år, men det blir utan publikum til stades. Volda og Ørsta har samla UKM. I år skal deltakarane på scena og framføringane blir tilgjengeleg digitalt. I staden for at kunstinnslaga vert hengande oppe i to dagar blir det ei to vekers kunstutstilling på Spinneriet i Volda. Laurdag 14. mars skal sceneinnslaga spelast inn og same dag opnar kunstutstillinga.