Volda-artist klar for MGP

Beate Lech (46) med artistnamnet Beady Belle, er klar for Melodi Grand Prix.

Grand Prix: Beate Lech (Beady Belle) deltek i Melodi Grand Prix. Foto: Nrk 

Kultur

NRK presenterte måndag dei seks førehandskvalifiserte finalistane til årets norske Melodi Grand Prix.

I tillegg varft dei fire fyrste artistane som skal konkurrere i delfinalane synt fram. Den eine av dei er Beady Belle frå Volda.

Ho skal delta med låten «Playing with fire», der ho har skrive tekst og melodi sjølv.

Beady Belle har markert seg sidan slutten av 1990-talet, og ho har markert seg over heile verda. Ho har samarbeidd med verdsstjerner som Jamie Cullum og R & B artisten India. Arie, Dee dee Bridgewater, og Joshua Redman og Jarle Bernhoft.

Ho har vore med på eit tjuetals plateutgjevingar.

I finalen deltek desse: TIX, Atle Pettersen, Stavangerkameratene, Kaja Rode, Rein Alexander og KEiiNO.

I den fyrste delfinalen laurdag deltek desse: Stina Talling, Jorn, Blåsemafian og Beady Belle.

Totalt skal tolv artistar vere med i finalen.