– Mange oppdaga songane til Dylan på nytt da dei høyrde dei på norsk

Musikar og artist Tom Roger Aadland har omsett tekstar av Bob Dylan sidan starten av 2000-talet, og no er han aktuell med framsyninga Vikla inn i blått på Det Norske Teatret.

Dylan: – Eg kjenner meg priviligert som får jobbe med tekst og musikk i yrket mitt, og kjenner takksemd både til dei som skriv og til dei som les og lyttar, seier musikar og artist Tom Roger Aadland. Han står bak dei nynorske omsetjingane av låtane til Bob Dylan i framsyninga Vikla inn i Blått på Det Norske Teatret. Arkivfoto: Gitte Johannessen / NTB / NPK 

Kultur

Aadland har ofte fått tilbakemelding om at folk forstår meir av tekstane til Dylan når dei høyrer dei på ny, på norsk.