Kinobesøket meir enn halvert i Ørsta

Katastrofeår: Kulturhusleiar Janne M.G. Skarstein omtalar 2020 som eit katastrofeår for kinoen. Besøket vart meir enn halvert.  Foto: Arkiv - Janne Marit Myklebust

Kultur

2020 vart eit katastrofeår for kinoane i Noreg. 12. mars stengde kinoane grunna koronapandemien. I mai vart det opna litt opp for publikum. Janne M.G. Skarstein, leiar for Ørsta kulturhus, stadfestar at 2020 vart eit katastrofeår. I 2019 var det 19.557 besøkande. I 2020 vart besøkstalet meir enn halvert til 7.467.