Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Frå Trandal til Lille Kalvøya

Kathrine Nydahl er hovudpersonen i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu søndag 10. januar.  Foto: NRK

Kultur

I 2017 fekk tv-sjåarane bli med NRK-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu til Trandal. Dåverande programleiar Arve Uglum gav sjåarane eit innblikk i liva til Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter, og drifta av Christian Gaard. I den nittande sesongen av NRK-suksessen spelar Trandal igjen ei rolle. Kathrine Nydahl, som vaks opp på Trandal, er hovudperson i programmet som vert vist på NRK søndag 10. januar. Etter nokre år i Oslo slo ho seg ned på Lille Kalvøya i Ålesund kommune.