Dette er eit av dei eldste bygga i Ørsta

Hovdenakken: Den eldste delen av løa på Breida vart bygt opp at etter nyttårsorkanen, og i 1997 kom tilbygget på nedsida. 

Kultur

Løa på Breidablikk, i daglegtale Breida, i Hovdenakken, fekk mykje juling under nyttårsorkanen i 1992, og er sidan restaurert og bygd på. Det er det som er på innsida- reisverket som gjer Breida-løa til eit kulturminne som i den regionale kulturminneplanen er vurdert å ha nasjonal verdi. Dette er ei grindløe med fine utskjeringar i tømmeret. I treverket er årstalet 1605 skore inn. Det er dermed eit av dei eldste bygga i Ørsta.