No kan du snart sjå filmen om Bygderadio Vest på NRK

Dokumentarfilmen om Bygderadio Vest blir å sjå på NRK no i jula.

Førpremiere: «Radiokameratane» vart vist for publikum i Fosnavåg i august.  Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Kultur

Vikebladet Vestposten: Første juledag blir «Radiokameratane» lagt ut på nett-tv i NRK, medan filmen blir vist på NRK1 onsdag 6. januar. I filmen møter du fleire av dei som jobbar for å produsere sendingar frå nærradioen på Søre Sunnmøre.