– Eit tidsbilde frå kvinneperspektiv

– Vi har mangla den lokale kvinnehistoria. Kvinner i notid og nær fortid bør løftast fram, dei må ikkje verte gløymde.

Forfattar: Reidun Aambø heime i Hans Strøm-vegen i Volda. Her har ho jobba fram boka «Kvinner i Ørsta og Volda». – Eg vil at desse kvinnene skal verte huska. Om vi ikkje skriv det ned no, vil mange verte gløymde. Langt fleire burde fått plass i boka, seier ho. 

Kultur

Reidun Aambø har brukt meir enn 20 år på å samle lokal kvinnehistorie mellom to permar. Gjennom 45 kvinneportrett presenterer ho kvinner i ulike tidsepokar og med ulike livsvilkår. Den yngste er forfattar Gunnhild Øyehaug (fødd 1975) og den eldste er sjubarnsmor, bonde og salmediktar Berte Kanutte Aarflot (fødd 1795).