Elleve festivalar i Møre og Romsdal har søkt om tilskot frå Kulturrådet for 2021. I tildelinga for 2020 fekk Sunnmøre Kammermusikkfestival og Sommarljom støtte, medan Trandal Rock ikkje fekk tilslag på sin søknad. Støtta til Sunnmøre Kammermusikkfestival og Sommarljom vert vidareført inn i 2021.
I ei pressemelding opplyser Kulturrådet at dei har fordel 161 millionar kroner til 160 festivalar i Noreg. Sommarljom fekk 100.000 kroner i tilskot i 2020 og er tildelt same sum for 2021.
Sunnmøre Kammermusikkfestival søkte om 350.000 kroner frå Kulturrådet. Tilskotet for 2021 blir 200.000 kroner.