Grønt lys for Viking-dokumentar

– Vi er stolte av å vise fjordane, havet og dei ville fjella som forfedrane våre såg

Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju skal vere programleiarar for den nye dokumentarserien Ultimate Viking.   Foto: Pressefoto

Kultur

Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju skal vere programleiarar for den nye dokumentarserien Ultimate Viking. Tysdag offentleggjorde den amerikanske tv-kanalen Smithsonian Channel at dei vil sende serien, i tillegg til ein times lang dokumentar, i 2021. Serien skal vere ein deltakardriven dokumentar, og det vert lagt vekt på historisk forankra rekonstruksjonar og bidrag frå arkeologar.