Skal forske på dei digitale festivalane

Med 720.000 kroner frå Kulturrådet og Forskingsrådet set Nynorsk kultursentrum i gang med å forske på om innhaldet i digitale festivalar kan gi festivaldeltakarar eit fullverdig tilbod.
Kultur

Saman med Telemarksforsking, Høgskolen i Innlandet og festivalen Bøker i Bø skal Nynorsk kultursentrum no undersøkje, utforske og skape modellar og verktøy for digitalt festivalinnhald. Det skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Målet er å gjere det lettare for små og mellomstore festivalar å skape digitalt innhald som alternativ og supplement til ordinært program, utan at den lokale forankringa og den sosiale festivalkjensla går tapt.

Kristian W. Rantala er dagleg leiar ved Vinje-senteret, som Nynorsk kultursentrum opnar neste haust. Rantala har skrive søknaden og koordinerer forskinga, og han gler seg over tilliten frå Kulturrådet og Forskingsrådet. Rantala forklarer bakgrunnen for søknaden slik:

– Pandemien har framskunda både behovet og interessa for digitale arrangementsalternativ for store delar av kulturfeltet. For oss som driv små og mellomstore litteraturfestivalar, utgjer kostnadene til dei digitale løysingane ei storutfordring. Vi er også opptekne av å halde fram med lokal forankring og syte for at festivalane er gode sosiale møteplassar.

– Vi vil forske på dei digitale forsøka som er gjort i sommar, undersøkje korleis publikum har opplevd dei, og med det finne ut av kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere meir av, held han fram.

Hovudmålet i prosjektet er å avdekkje i kva grad det er mogleg å arrangere ein digital litteraturfestival med lokal forankring som også fungerer som ein sosial møteplass, og vidare setje saman eller utvikle løysingar som er enkle å ta i bruk forsmå festivalar.