Kor avlyser øvingar og konsert

– Vi gaular heime

– Det er ingen fare med oss. Vi gaular heime, seier Kirsten Ose, leier i Ervingen Blandakor.
Kultur

Ervingen blandakor har avlyst øvingar og konsertar.

– Vi har søkt råd. Sjølv om vi ikkje treng avlyse, meiner vi det er det tryggaste no, seier Ose.

Koret skulle ha ein konsert i Hjørundfjord kyrkje i byrjinga av november. Han vart avlyst. Like eins skulle det vere ein konsert i Ørsta 3. desember. Denne er også avlyst.

– Det vil seie at det ikkje vert konsertar med oss før jul. Det er leitt, for vi hadde sett fram til det, seier Ose.

Koret har søkt råd både med korforbundet og Ørsta kommune. Råda har gått på at konsertar og øvingar kan gjennomførast, men med strengt smittevern.

– På dei øvingane vi har hatt, har det vore to meter mellom songarane framover og bakover, og ein og ein halv meter til sides. Ein av medlemmene våre vart smitta i samband med smitten som vart oppdaga hos Volda mannskor, fortel Ose.

I to veker framover er øvingane avlyst.

– Då gaular vi heime, og tek kanskje nokre fellesøvingar digitalt. Det gjorde vi i vår, fortel Ose.

Om det vert fysiske øvingar igjen før jul, er ikkje avgjort.

– Situasjonen framover vil avgjere. Det er leitt at det er slik, men vi kjenner at vi skal medverke i dugnaden med å halde smitten nede, seier Ose.

Ho fortel at Ervingen blandakor vil prøve det dei kan for å få halde konserten i Hjørundfjord kyrkje over nyttår.