Kvardagsforteljingar samla mellom to permar

– Ein treng ikkje gull og glitter for å oppleve stunder av lykke

– Eg håpar at folk skal kjenne på dei gode kjenslene når dei les tekstane mine.

Bokdebutant: Janne Kristin Lid har gitt ut si første bok med tittelen Kvardagsforteljingar. 

Stoppar du litt opp finn du mange ting i løpet av kvardag det er verdt å ta med seg

Janne Kristin Lid
Kultur

Små hendingar, assosiasjonar til barnedomen, melankoli, artige opplevingar, refleksjonar og tankar som har festa seg har blitt til tekstar som Janne Kristin Lid har delt på sin Facebook-profil. Tekstar som mange har lest, kjent seg att i og fått ein kjensleladd reaksjon på. Fleire av lesarane har etterspurt ei samling av tekstane. Då Oddgeir Nossen i forlaget Nossotros tok kontakt fekk Lid dytten ho trengde for det som no har blitt boka Kvardagsforteljingar.