Lager til salsutstilling

– Bilda er av ein slik kvalitet at dei fortener å kome fram i lyset

Måleri av Karl Mydske Berger. 

Kultur

– Komande fredag og laurdag, 16.–17. oktober, kan kunstinteresserte gjere ein god handel på Kunsthuset i Ørsta. Då legg Volda og Ørsta Kunstlag ut ca. 50 verk, både måleri og grafikk, for sal, skriv Volda og Ørsta kunstlag i ei pressemelding.

Av kunstnarar som er representerte på utstillinga, kan følgande nemnast: Karl Mydske Berger, Olav Myklebust, Asbjørn Barstad, Nils Angell Brekke, Tove Stavem Reite, Ansgar Leiten, Roald Tellnes, Rosseland, Steensnæs og mange fleire.

– Heilt sidan etableringa av Ørsta Kunstlag i 1941 har laget kjøpt inn kunst frå kunstnarane som har stilt ut, og i løpet av åra har det blitt mange bilde både av lokale, regionale og nasjonale kunstnarar. Felles for dei fleste bilda er at dei har stått på lager, utilgjengelege for publikum. Styret i kunstlaget meiner at bilda er av ein slik kvalitet at dei fortener å kome fram i lyset og opp på veggane igjen. Nokre av bilda vil kunstlaget ta vare på for ettertida, men mange vil no bli lagde ut for sal, heiter det i pressemeldinga.

I tillegg til sal av eigen kunst vil det bli formidlingssal av verk frå to dødsbu.