Får ekstra koronastøtte

– Skal brukast til innhald og gjester

Nynorsk kultursentrum får 605.000 kr i ekstra koronastøtte våren 2021.

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.   Foto: Sunniva Lund Osdal

Kultur

Det stadfesta kulturminister Abid Raja i helga.

– Det er positivt at Kulturdepartementet kompenserer for tapte eigeninntekter. Det gjer det enklare for Nynorsk kultursentrum å nå føremålet vårt som er å fremje nynorsk skriftkultur, seier styreleiar Lodve Solholm i ei pressemelding. Han har von om at regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti får med seg stortingsfleirtalet på dette framlegget.

Nynorsk kultursentrum opplyser at nedgangen i eigeninntekter i 2020 samanlikna med 2019 vil vere på om lag 1,5 millionar kroner.

– Med prognosen som er gjort opp etter det Nynorsk kultursentrum veit om rekneskapen januar – september, ser ein stor nedgang i billettinntektene som ser ut til å verte 433 000 kr (-707 000) og kafé- og butikkinntekter 952 000 kr (-767 000), gitt at julesalet tek seg opp som vanleg, heiter det i pressemeldinga.

– Stiftinga har etablerte og gode rutinar for økonomistyring. Derfor har vi spart der vi kunne så langt i år. Med dette tilskotet har vi høve til å førebu oss betre for framtida, både med nytt innhald og betre publikumstilbod, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Tilskotet som Nynorsk kultursentrum får vil gjere det mogleg å produsere meir innhald.

– Det er viktig at vi tek samfunnsansvar og held liv i økonomien for både sakprosaforfattarar, diktarar, musikarar og andre som lever av å formidle innhald på nynorsk,