Rår til å halde på Nynorsk kultursentrum

Fleirtalet av medlemmene i Rådet i Nynorsk kultursentrum er skeptiske til namneendring. Dei vil halde på eksisterande namn.
Kultur

Styret i Nynorsk kultursentrum skal handsame namnesaka i oktober, og tilrådinga frå administrasjonen er at institusjonen framleis skal heite Nynorsk kultursentrum, og med "musea for skriftkultur" som forklaring i ein undertittel. Det siste er rådet også samde om.