Han er Årets nynorskbrukar

Geir Sverre Braut er kåra til Årets nynorskbrukar 2020.

Geir Sverre Braut er Årets nynorskbrukar.   Foto: Svein Gabrielsen Lunde

Kultur

– Han får prisen for å gjere nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag, seier styret i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Braut er lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og sit i koronakommisjonen. Han har vore assisterande direktør i Statenshelsetilsyn, fylkeslege i Rogaland, seniorrådigvar og professor i samfunnstryggleik ved Stavanger universitetssjukehus. I 2020 gir han ut boka Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk saman med Kjell Arne Aarheim, og han har skrivenynorske artiklar i fagtidsskrift og rikspresse om helseemne.

Prisen er på 100 000 kroner og eit diplom som blir delt ut av styreleiaren i Nynorskkultursentrum Lodve Solholm i Ivar Aasen-tunet tysdag 12. oktober. Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark skal leie ein samtale med prisvinnaren.

Det er 20. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. I år hadde styret i Nynorskkultursentrum som skulle ta avgjerda, 21 sterke kandidatar å velje mellom.

– Den store interessa blant publikum syner at prisen er viktig og engasjerer mange, seier Sandsmark.