Rotlaus spelar fire konsertar på to dagar - og har kome med ny musikk

Rotlaus.  Foto: privat

Kultur

Fredag kom Rotlaus med ny singel "Vakker og vill", og denne helga spelar dei fire konsertar, melder Norsk Telegrambyrå (NTB).

Konsertane går føre seg på Vulkan på Grünerløkka.

På spørsmål frå NTB om korleis det vert å spele i hipsterhøgborga, er svaret frå frontfigur Bjørn Marius Øyehaug frå Follestaddalen:

– Eg trur du vil verte overraska over kor mange sunnmøringar som bur i Oslo. Vi har spelt fleire gonger i Oslo, og kvar gong har det vore fullt hus og upåklageleg stemning. Hipster, harry, bygd eller by, det er ei hårfin linje.


Rotlaus med solid fotfeste

I spissen for Noregs mest populære rockeband

Han drøymde om både familielykke og eit liv på scena, men trudde ikkje livet ville gi han begge deler.


Koronapandemien har påverka også Rotlaus, men no er dei altså så smått i gang att.

Og den nye singelen har klar adresse mot den eine delen av bandet sitt todelte publikum.

– På den eine sida finn du rånaren og raggarane, sjåførar på trailerar og anna motorinteressert, bilglad ungdom. Den andre gruppa er det lyttande publikummet; dei som høyrer tekstane – men ikkje har same forhold til bilkøyring.

Den nye låten vil runde av ein trilogi om overgangen mellom ungdom og vaksen. «Vakker og vill» blei til etter ønske frå publikum om musikk med same tematikk – men med ei kvinne i hovudrolla.

Og meir musikk er i vente, lovar Øyehaug.