Er utdanna på McCartney-skulen

Runar (30) lever ut musikardraumen

– Eit av høgdepunkta på LIPA var då eg fekk handhelse på sjølvaste Sir Paul McCartney. Som stor Beatles-fan var det sjølvsagt meir ein svært!

Draumen: Runar lever draumen sin fultt ut, og kan ikkje tenkje seg eit anna liv. Her med Sondre Justad som han møtte på Romeriket Folkehøgskule.  Foto: Johannes Visaas Kise

Kultur

Då Runar Nybø byrja på ungdomsskulen fekk han ei openberring om at det var musikk som skulle livnære han resten av livet. Nesten 20 år etter openberringa har 30-åringen frå Ørsta turnert landet rundt med kjende norske artistar og lever musikar-draumen sin fullt ut. Nybø kan ikkje tenkje seg eit anna liv.