På sogetur til Bakketunet

Ørsta sogelag var nyleg i Bakketunet på Åkre i Hjørundfjord. Det vart ei lærerik oppleving.

Bakketunet: Marita Bett Aakre fortel om Bakketunet til medlemmene i Ørsta sogelag.  Foto: Turid Karlsbakk

Kultur

Seinsommarturen til Ørsta sogelag gjekk no til inste enden av Hjørundfjorden.

Vi kom til Bakketunet i strålande sommarver den siste søndagen i juli, og vart møtt av den opplagte og forteljeglade vertinna, Marita Bett.

Ho fortalde mykje om historia til garden sin, både den eldste og den nyare, frå ho tok tak i restaureringsarbeidet på desse eldste gardshusa på heile Sunnmøre.

Dei eldste materiala i husa skriv seg frå midt på 1500-talet, så det er ikkje rart at Sunnmøre Museum for om lag 20 år sidan, bad om å få flytte eit av husa over til Borgundgavlen.

Men då sa bestemora beint nei, og det er Marita Bett – og vi andre - glade for i dag. Men arbeid har det blitt , og er, med å halde ved like alt som er blitt redda frå tidas tann.

Dette arbeidet har ho hatt svært god hjelp til, særleg av Hjørundfjord kulturvernlag, som har dyktige handverkarar og søknadsskrivarar både i Hjørundfjorden og i Ørsta sentrum.

Dei 15 deltakarane frå sogelaget gledde seg saman med alle dei andre som kom over alt som var skjedd i tunet sidan sist. Vi såg på dei interessante utstillingane, maleri til sals og mange kostymer, fantasibunader og strikkakofter i nye mønster.

Der var både den fargerike Kufjordkofta og ei meir tradisjonell kofte knytt til Hjørundfjorden.

Kaffien tok vi i Bakketunet.

Etter å ha beundra hagen med paviljong og anna, forlet vi Bjørke og noken av oss svingte ned på Kalvatn og tok middagen i den koselege kafeen der.

Hjørundfjorden har mykje å by - frå ytst til inst, og det er aldri vanskeleg å få med seg folk dit inn. Velkomne igjen til neste års tur(ar)!