Biblioteket med vanlege opningstider

Ørsta folkebibliotek innfører ordinære opningstider.

Meir tilgjengeleg: Biblioteksjef Hanne Steinsvik inviterer til eit bibliotek med vanlege opningstider.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

– Sommaren er på hell og Ørsta folkebibliotek skal tilbake til sine vanlege opningstider med laurdagsope og kveldsope tre dagar i veka, fortel biblioteksjef Hanne Steinsvik i ei pressemelding.

Ho minner om at reglane om smittevern framleis gjeld. Alle som besøker biblioteket vert oppmoda om å bruke handsprit ved inngangen og halde ein meter avstand til andre ein ikkje er saman med.

– Vi har god plass på biblioteket, så det er trygt å besøke oss, seier Steinsvik.

Grunna smittevern har biblioteket fjerna ein del av brukar-pc-ane, og tilbyr ikkje utleige av møterom.

– Elles kan biblioteket brukast som vanleg, seier Steinsvik.

Ho minner om at det er mogleg å bruke både pc og skrivar på biblioteket.

– Folk kan betale via vipps eller kontant. Velkomen til oss, seier Steinsvik.

byline