Festivaltilskot sjølv om det blir avlyst

Frå Saudehornet rett opp i 2019.  Foto: Svein Aam

Kultur

Levekårsutvalet har gjort vedtak om å tilskot på 70.000 kroner til fem festivalar og arrangement i Ørsta kommune i år. Fleire av vedtaka var med atterhald om at det vart arrangement i år. Kommunestyret har gjort vedtak om at tilskota blir utbetalt sjølv om arrangementa skulle bli redusert i omfang eller avlyst.

Dette gjeld 5.000 kroner til Ørsta Fjellmaraton, 5.000 kroner til hinderløpet Over stokk og stein, 10.000 kroner til Trandalrock, 10.000 kroner Sunnmøre Kammermusikkfestival og 40.000 til Naturfestivalen/Saudehornet rett opp.