Ivar Aasen-tunet fyller 20 år

Dansekunstnar Einy Åm Sparks har laga film til 20-årsjubileet for Ivar Aasen-tunet.  Foto: Atle Vasbotn Remmereit/Oclin

Kultur

Måndag 22. juni er det 20 år sidan den offisielle opninga av Ivar Aasen-tunet.

– Søndag tjuvstartar vi feiringa, seier dagleg leiar Tone Slenes i ei pressemelding.

Den verdskjende arkitekten Sverre Fehn (1924-2009) teikna bygget som vart opna 22. juni 2000.

- Han såg ved første besøk at nybygget burde plasserast i nær tilknyting til dei eldre bygningane, i eit samspel mellom det moderne og det gamle, og i takt med naturen. Arkitekturen er basert på arbeidet til Ivar Aasen, og dette er det første prosjektet der Fehn var involvert i både bygget, utstillingane og uteområdet, heiter i det i pressemeldinga.

Dansekunstnar Einy Åm Sparks har laga film til jubileem i samarbeid med produksjonsselskapet Oclin.

- Koreografien utforskar arkitekturen i den karakteristiske museumsbygningen og intensjonane bak formene og linjene i dette ruvande kunstverket.

Søndag 21. juni får dei besøkjande i Ivar Aasen-tunet sjå filmen, dagen før den blir publisert som del av Digitale festspel på nynorsk.no. I tillegg blir det gratis kake