Bygd med «genial bruk av naturen»

Meistertrykkje: Brua gir Raudstad-gardane tilgang til beitemarka på nordsida av vatnet, og er framleis godt brukande. Konstruksjonen er både fasinerande og imponerande. 

Vekas kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eitt av kulturminna i Ørsta. Utgangspunktet er Kulturminneplanen til kommunen.
Kultur

Skjåstaddalen har blitt ein del av Volda, men vi held likevel fram med å presentere kulturminna i området.

Og denne steinbrua på Raudstad er eit særsyn. «Ei av dei mest spesielle bruer vi kan sjå», skriv Einar Saure i heftet «Kulturminne, segn og soge frå Bjørke».

Brua vart sett opp i 1920, og byggmeister var Jakop J. Rørstad.

«Han var svært kortvaksen, men ein meister i å handtere stor stein. Dei drog fram dei kjempestore hellene etter isen og la dei på plass medan isen var sterk. Grunnsteinane til brukara var før plasserte på same måte, dei la steinane på isen og når den tina sakk steinane på plass under vatn. Genial bruk av naturen i ei tid før data og maskinar avløyste eiga tankevirksomheit», skriv Einar Saure.