Her kom storfonna i 1755

Sætre: Dette området på Sætre, og innover mot Ytre Mork, vart råka av ei stor fonn frå Nivane i 1755. Gardane låg der vi ser granskogen til høgre, og her er det fleire gamle hustufter og spor etter husdyrhald. 

Attgrodd: Tuftene etter ein av gardane som var knuste av fonna i 1755. 

Vekas kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eitt av kulturminna i Ørsta.Utgangspunktet er Kulturminneplanen til Ørsta.
Kultur

I påska 1755 vart gardane Sætre og Ytre Mork feia på Ørstafjorden av ei fonn.

Gardane låg på denne tid under Nausen, like ovanfor gamlevegen mellom Vinjevoll og Hagen, som i dag startar ved Morkagjølet. Historia fortel at berre ei lita jente overlevde i ei vogge dei fann på den islagde fjorden dagen etter», står det i Kulturminneplanen i kapittelet om «kulturminne knytt til naturkatastrofar.

Tuftene er i dag gjengrodde, og omgitt av skog.

– Bak tufta på biletet er svært mange steingardar, murar og små hellarar som mange trur var grisehus. Eit område vert kalla Grisurda, opplyser Per Gunnar Sætre.

«Kulturminnet bør sjåast i samanheng med den gamle kjerrevegen frå Morkagjølet til tuftene, og kanalvegen, vårfjøsar og kvernhuset i Morkagjølet», står det i Kulturminneplanen.

Møre-Nytt kan oppdatere med at dette nemnde kvernhuset er vekke.