Mange har avlyst, men ikkje Sommarljom

Medan mange festival-arrangørar avlyser, held Sommarljom koken.

Sommarljom: Building Instruments frå tidlegare festival.  Foto: Torkjell Hovland

Kultur

Ifølgje ein søknad til Ørsta kommune om tilskot, skriv Sommarljom at dei skal arrangere denne musikkfestivalen over tre dagar første helga i august. Dei fleste konsertane vert haldne i eller ved eit naust i Bugafjøra ved Ose/Osborg i Ørstafjorden.

Søknadssummen er 20.000 kroner, men kommunedirektøren tilrår 10.000. Føresetnaden er at at festivalen vert gjennomført tilpassa gjeldande korona-restriksjonar.

- Korona-restriksjonane gjer det usikkert med korleis dei ulike festivalane kan gjennomførast, og det kan verte aktuelt å vurdere festivaltilskota i ein samanheng når «sesongen» er over, der det kan verte aktuelt å omfordele tilskota i høve til kva som faktiske vert gjennomført.

- Nokre festivalar som har fått tilsegn om tilskot i 2020 er allereie avlyste eller utsette til 2021. Sommarljom er eit prosjekt som truleg kan tilpasse seg restriksjonane på ein tenleg måte, skriv kulturkonulent Jostein O. Mo på vegner av kommunedirektøren.

Levekårsutvalet avgjer saka.