Vekas kulturminne:

Gjenbrukte stabbur i Rystene

Rystene: Stabburet til venstre har tømmer som truleg er frå 1600-talet. I det største stabburet, som vi ser til høgre, har Kolbein Ryste samla gamle reiskap og gjenstandar slik at det er som eit lite museum. 

Vekas kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eit av kulturminna i Ørsta
  • Utgangspunktet er Kulturminneplanen til kommune.
Kultur

I gardstunet til Kolbein Ryste står to gamle stabbur. Det eine har opphavleg stått i Pegarden i Ytre-Hovden.

– Tømmeret har trekk som kan tyde på ei datering til 1600-talet. Det andre

stabburet har stått i Andersgarden på Ose, dit det

vart flytta i samband med utskiftinga kring 1870.

Stabburet har ei tømmerkjerne med stavbygg kring. Tømmeret er også her truleg gammalt, men har ikkje så høg alder som tømmeret i det første stabburet, står det i Kulturminneplanen.

Kolbein Ryste har restaurert dei to stabbura, med god hjelp frå Thomas Hustad. I det største stabburet har han samla gamle reiskap og gjenstandar frå eldre tid.

– For begge stabbura gjeld det at tømmeret har vore nytta oppatt fleire gongar, og dei fortel såleis ei interessant bygningshistorie, står det i Kulturminneplanen.