Direktesending på nasjonaldagen

Viser korps, paradar og helsingar frå ordførarar og russepresidentar

Kultur

Tussa vil vere til stades på ulike 17. mai-markeringar på Søre Sunnmøre i år og sende direkte via Facebook. Thomas Ryste, mannen bak Klypa-universet, vil vere programleiar og korps, paradar, helsingar frå ordførarar og russepresidentar og mykje meir skal fylle sendeflata.

Ikkje 17. mai-tog, men Ørsta blir pynta

Bilkortesje, korpsmusikk og kranslegging på nasjonaldagen


– Nasjonaldagen er viktig for oss alle, og på grunn av koronapandemien blir det ei annleis feiring i år. Tussa ønskjer å bidra til at det vert ein spesiell dag, og som ein stor aktør i lokalsamfunnet har vi moglegheit til å gjere det. Vi gler oss til å få vere med å formidle den sunnmørske feiringa i annleisåret 2020, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i ei pressemelding.

I samarbeid med 17. mai-komiteane på søre Sunnmøre har Tussa plukka ut høgdepunkt frå kvar kommune, som blir vist i ei direktesending på Facebook. Delar av sendinga blir også vist på TV-kanalen Sunnmøre Live. Tussa har alliert seg med det lokale videobyrået Oclin og studentar frå Høgskulen i Volda for å få til ei profesjonell sending.

– I tillegg håper vi at innbyggjarane vil bidra til sendinga med å sende inn bilete og video av korleis dei feirar nasjonaldagen, og av markeringar der dei bur, seier Driveklepp.

Tussa opplyser at tidspunktet for sendinga og programmet er framleis under arbeid, og vert annonsert i lokalavisene, på Tussa sin nettstad og Facebookside før 17. mai-helga. Det vert også lagt ut eit opptak av sendinga, slik at folk har moglegheit til å sjå sendinga i etterkant.