Volda-songar får stipend

– Held på med fleire spennande prosjekt

Louise Engeseth frå Volda har fått tildelt Sparebanken Møre sitt TEFT-stipend.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Kultur

Louise Engeset er ein av seksten vinnarar av Sparebanken Møre sitt TEFT-stipend. 20-åringen frå Volda held på med klassisk song og er i gang med utdanninga si.

– No held eg på å ta ein bachelor i klassisk utøvande song. Eg er så heldig at eg har blitt tildelt Sparebanken Møre sitt TEFT-stipend. Pengane vil eg bruke til å vidareutvikle meg som songar. Eg skal mellom anna ta fleire kurs og eg held på med fleire spennande prosjekt. Ikkje minst vil dette stipendet bidra for at eg kan utforske moglegheitene eg har for utveksling og master i utlandet, seier voldingen i ein videosnutt laga av Sparebanken Møre.

Engeset har blitt tildelt 50.000 kroner.