Kinoane opnar att

- Jobbar på spreng her i Ørsta

Kinosjef Janne M.G. Skarstein seier at dei arbeider på spreng for opning av Ørsta kino fredag denne veka.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Kultur

Etter to månader utan filmvisningar skal det igjen bli eit kinotilbod for ørstingane ved Ørsta kino. Arrangement med inntil femti deltakarar er det no opna for og det gjer at kinosjef Janne M.G. Skarstein no arbeider hardt med å få på plass eit kinoprogram.