Korpsmusikken samla seg igjen

- Det blir korpsmusikk 17. mai!

Ramona Moltu Emblemsvåg, Pernille Aag Liadal og Sienna Sofie Myklebust etter øvinga måndag.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

I strålande solskinn og med snøkledde fjelltoppar var det nasjonalromantisk stemning i Ørsta måndag kveld. Vêret minna mykje om ein fin maidag. Dei som var ute i frisk luft i Ørsta sentrum fekk og tonefølgje av først Hovden og Ørsta skulekorps og deretter Ørsta Hornmusikk. Sidan starten av mars har ikkje korpsa vore samla til øving, men no er restriksjonane letta på og dermed kan musikantane starte førebuinga for fullt inn mot nasjonaldagen.