Har refotografert gamle bilete

– Bileta viser ofte dramatiske endringar. Mykje har grodd igjen, og nokre stader har det skjedd store endringar i samfunnslivet

Knud Knudsen og Axel Lindahl fanga historiske bilete på film for over 100 år sidan. Dei siste atten åra har Oskar Puschmann gått i fotspora til dei store fotografane.

Før: Axel Lindahl fotograferte Sæbø i 1885 med utsikt mot Norangsfjorden og Slogen.   Foto: Axel Lindahl, Norsk Folkemuseum

Kultur

Norangsfjorden, Storfjorden og Hjørundfjorden er i dag populære turmål både for norske og utanlandske turistar. På 1880-talet var det også slik, men i mindre skala enn i dag. Kjende norske fotografar reiste og i området og dokumenterte landskapet i og rundt fjordane. Ein av desse fotografane var Axel Lindahl.