Ballettskulen held hjula i gang med videoundervisning

Kultur

Sjølv om Volda og Ørsta ballettskule ikkje kan samle elevane sine til undervisning i Ørsta har ikkje dansinga stoppa opp. Gjennom video får elevane leksjonar av instruktørane. Dermed stoppar ikkje undervisninga.

Ballettskulen har sjølv laga ein video som viser korleis opplegget fungerer.

– Eg syns det er kjekt at dei funne ei løysing no når vi ikkje kan kome og møte opp til dansetimane, men det er sjølvsagt også kjekt å møte danselærarane, seier Matilde Gulla Rebbestad (12) i videoen.