Musikalen 2020

Full fart i fullt rom

- Det er utfordrande å vere fotograf i eit så fullt rom som dette, seier Andreas Myhre Holen, elev ved Medium og kommunikasjon ved Volda vgs.

Testmodellar: William, Ståle og Mona poserer foran kamera som testmodellar før den store shooten. 

Kultur

Det er ein kald og stille fredags formiddag, og ute har sola gøymt seg bak dei grå skyene. Inne på eit lite, mørkt og varmt rom ved Volda vgs. er nokre få elevar, med hjelp frå fotolærar Ståle Hansen, godt i gang med å rigge opp til fotoshooten som skal skje om ein knapp time. Då vil det bli trongt om plassen her inne. Slik som kvart år, er det elevar frå 2. klasse på Medium- og kommunikasjonslinja som har fått ansvaret for denne. Bileta som blir tatt i dag skal nemleg bli brukt i programheftet som blir utdelt under årets skulemusikal: Askeladden.dotcom.

– Det er dritskummelt å vere fotoshootfotograf, eg trivast vanlegvis best som naturfotograf. Andreas Myhre Holen er veldig spent før dagens oppdrag.

Det er han som har fått den ærefulle oppgåva å stå bak kamera og ta bileta som skal brukast. Saman med medelevar Mona Våge og William Gravdal frå 2MK, har han mykje han skal få unnagjort. I løpet av dagen skal dette rommet fyllast opp med lærarar og elevar som går inn og ut, og som spelar ei viktig rolle i gjennomføringa av musikalen. Elevane som skal fotograferast har ulike roller på scena. Det kan fort bli hektisk.

– Det er utfordrande, men det er ei interessant utfordring, seier ein forventningsfull Andreas.

Fotograf: -Det er utfordrande å vere fotograf i eit så fullt rom som dette, seier Andreas Myhre Holen, elev ved Medium og kommunikasjon ved Volda vgs.  Foto: Rebekka Ingjerd

Mykje å hugse på

“Klikk”. Rommet fyllast med lys frå dei to blitsane som lyser mot den kvite bakgrunnen. Det er viktig å vere godt forberedt før dei første musikkelevane kjem inn. I over 20 minutt testar dei ut ulike positurar, lys og utsnitt for å gjere seg klare. Slik kan det bli best mogleg og samtidig gå effektivt føre seg. Det er mykje å passe på, og hugselista er lang.

– Eg må hugse å få med hovuda deira, armane, og minst mogleg av bakgrunnen. Å få med heile dei rett og slett, seier Andreas.

Derfor er det nødvendig med eit godt samarbeid for å få det til. Sjølv om Mona og William ikkje står bak kamera, har dei likevel ein viktig jobb som har mykje å seie for resultatet.

– Vi skal eigentleg sjå om bileta er i fokus, og sjekke om lyset er bra, fortel William.

– Det hadde vore litt vanskeleg å ha tre fotografar, kommenterer Andreas.

Trongt om plassen

Litt over klokka elleve kjem dei første modellane inn i rommet. Brått er rommet som nettopp var forholdsvis tomt, fylt opp av 12 stykke. Musikkelev-modellar, medielærarar, regissørar og medieelevar, alle med ulike oppgåver. Lufta kjennast tyngre og varmare med ein gong, og ein må gå sikksakk mellom menneska for å komme seg fram. No er dei klare for å sette i gang.

– Fotografar sit ikkje, brukar eg å seie. Dei står, seier Ståle medan han gøymer vekk stolane som er i rommet.

Andreas byrjar å knipse dei første bileta, og Henrik Halle sin rollefigur er førstemann ut. Produsent og regissør, Jan Terje Eidset, gir instruksjonar og fortel korleis han vil at biletet skal sjå ut. Han skal sjå så skummel ut som mogleg. For å forsterke dette og skape ein dramatisk effekt, lyser Ståle opp fjeset til modellen nedanifrå.

– Det enkle er ofte det beste, konstaterer fotolæraren.

Etter mykje eksperimentering med lyset og fleire bilete seinare føler dei at dei har fått eit blinkskot der alt sat som det skulle. Mona zoomer inn på biletet for å dobbeltsjekke at det er skarpt.

– Der har vi det, seier produsent Jan Terje.

God og fokusert stemning

I løpet av kort tid har gjengen blitt ferdig med å ta bilete av fleire elevar til programheftet. Temperaturen har stige mykje i løpet av den siste timen. Folk går heile tida inn og ut av studio, og stemninga der inne er god, men samtidig fokusert. Samarbeidet mellom alle partane går som smurt.

-Det er litt irriterande med så mange folk her. På eit tidspunkt hadde eg ein mikrofon heilt oppi øyret frå nokon som filma, og ein lydopptakter på andre sida, ler Andreas.

Sist ut er sjølve hovudrollene i musikalen, som kjem inn i fullt kostyme, slik som det skal vere på showet. Elevane som speler Askeladden, Raudhette og Veslefrikk stiller seg opp framfor kamera og poserer med mykje innleving. Fotografen knipsar i veg, og inn i mellom bileta sit latteren laust når Askeladden spelar gitar på Veslefrikk si ustemte fele.

Ferdig for dagen

Når dei siste går for dagen og dagens bilettaking er ferdig legg det seg ei ro i rommet og trykket letnar. No er det berre dei som var her til å begynne med som er igjen og rommet kjennest tomt i forhold. Det er herleg med litt ro, og det verkar som om alle er fornøgde med sluttresultatet. No står berre etterarbeid att med redigering, før dei blir sat inn i programheftet til musikalen. Dette skal bli delt ut til fleire hundre publikummarar som kjem for å sjå musikalen “Askeladden.dotcom” på Ørsta Kulturhus i veke 7.

Alle som har vore innom i dag har jobba iherdig for at bileta skal bli best mogleg og halde ei høg kvalitet. Andreas oppsummer inntrykket hans av fotoshooten i ei kort setning:

– Musikarar er enklare å ta bilete av enn dei fleste.