Marna Haugen Burøe:

– Eg elskar å sjå ungdom som tek scena

Ørsta ungdomsskule skal snart ha Melodi Grand Prix i Ørstahallen. Skuleavisa har intervjua Marna Haugen Burøe, som sjølv har gått på ungdomsskulen.

Flott Tiltak: Marna Haugen Burøe meiner at det er ei flott tiltak med MGP ved Ørsta ungdomsskule. Foto: Privat 

Grav fram talenta dykkar, dette blir minne for livet

Marna Haugen Burøe
Kultur

Ho har ein populær blogg som heiter Komikerfrue, og ho er vant med å vere i rampelyset. Vi tenkte at ho kunne gje oss nokre gode råd om scenelivet.

– So artig at de arrangerer MGP på Ørsta ungdomsskule! Eg kom nett fra USA, og der er det so mykje meir vanleg å by på seg sjølv og vise fram talentet sitt, eg elskar å sjå på ungdom som tek scena. Det er fantastisk bra trening på livet som kjem, og ikkje minst bra for personleg vekst, seier Marna Haugen Burøe.

Ho legg til at då ho sjølv var elev på Ørsta ungdomsskule arrangerte dei elevkveld, der kvar klasse hadde sitt innslag. Det kunne vere kva som helst, eit skodespel, ein musikal, dans, eller revy, slik klassa hennar gjerne valde å gjere.

– Eg sat sjølvsagt i komiteen, saman med bl.a Arthur Johan som no er kjend frå Vassendgutane. Han var eg, som alle andre jenter, skikkelig forelska i, og eg terroriserte han i heile 8 år (frå 1. klasse) før me endeleg blei kjærestar. To veker etterpå fekk eg ein lapp om at han gjorde det slutt. Eg mistenker kraftig at heile forholdet berre var ein taktikk for å bli kvitt meg, snøft. Men - tilbake til elevkvelden, me var ein veldig kreativ gjeng, og me fekk fritt spelerom frå lærarane. Eine innslaget var ein parodi av rektor, spelt av meg. Ho gjekk alltid i beige klede so eg hadde på ein slik kjole. Eg stod på scena og ein av gutane kom inn med ein oppblåsbar hammar, slo meg i hovudet og eg svarte: «Ja, der traff du spikren rett på på hovudet.» Ein fantastisk tørr vits, men so intern at alle lo. Eg var jamvel ei tynn flis på den tida.

– Me hadde óg ein parodi på ein lærar som alltid kjørte scooter, og jammen fekk me lov å låne den karakteristiske hjelmen hans. Det var stas.

– Eg blir so utruleg glad på elevane sine vegner som no arrangerer sitt eige event på ungdomsskulen. Mitt beste råd er å hugse på kor viktig det er å ikkje halde tilbake, men å sleppe seg laus. Det kan vere vanskeleg for nokon, og då er det viktig å heie kvarandre opp og fram. Grav fram talenta dykkar, dette blir minne for livet, meiner Marna frå Ørsta, no busett på Austlandet.