To voldingar i Idol

Fredag får tv-sjåarane sett korleis det gjekk for Jekeziahrem (Jeki) Villanueva og Khaled Moussa på Idol-audition.
Kultur

Songkonkurransen Idol er inne i sin ellevte sesong. Fredag 24. januar skal deltakarar som prøvde seg på audition på Hurtigruten og på toppen av Loen Skylift visast.

To voldingar har vist seg fram for juryen som består av Tshawe Baqwa (kjent frå Madcon), artistmanager Silje Larsen Borgan og artisten Andreas «TIX» Haukeland. Det er Jekeziahrem (Jeki) Villanueva (21) og Khaled Moussa (17). Jeki syng Amy Winehouse-låten «Back To Black», medan Moussa har valt «Toxic» av Britney Spears.

I Loen: Khaled Moussa. Foto: OLE ELTVIK/TV 2  Foto: ENDRE FORBORD/TV 2