Ny musikk frå Indrehus

«Kloke ord for døve ører»

Kåre Indrehus gir ut "Kloke ord for døve ører" fredag.  Foto: Johannes Andersen

Kultur

Fredag denne veka gir den sunnmørske visepoeten Kåre Indrehus ut sitt fjerde soloalbum. Tittelen er "Kloke ord for døve ører"

- På albumet står opplevinga av å vere far og ektemann i ein typisk norsk småbarnsfamilie sentralt, og dei nære relasjonar, i tillegg til vår evne til å kommunisere med kvarandre, vert sett under lupa, heiter det i ei pressemelding.

"Kloke ord for døve ører" er skrive, arrangert, spelt og produsert av Indrehus sjølv. Egil Olsen og Maria Ingrid Vosgraff Moro bidreg på kor og Svein Erik Åmås har stått for mastring.