Eirik (14) imponerte dommarane i Ungdommens Musikkmesterskap

Spelte seg til førstepremie

Eirik Stave frå Ørsta fekk førstepremie under Ungdommens Musikkmesterskap laurdag.  Foto: Egil Hofsli /umm.no

Kultur

Ungdommens Musikkmesterskap er ei nasjonal konkurranse. Eirik Stave (14) frå Ørsta kvalifiserte seg til nasjonale finalen i Ålesund i fjor haust. I helga var 184 dyktige og unge musikarar samla til det nasjonale meisterskapet på Norges musikkhøgskole.

Stave deltok som solist på piano i klasse 2 (14-16 år). Den dyktige ørstingen spelte Rhapsodie nummer 1, opus 79 av Johannes Brahms. I tillegg spelte han to mindre stykker frå Nordlandsbilleder av den norske komponisten David Monrad Johansen.

Maksimal poengsum som musikarane kunne få var 25 poeng. Stave fekk 24 poeng etter sin prestasjon. Det gav han førstepremie. I Stave si klasse vart det gitt ni førstepremiar.

Klassa til Stave er ein del av Ungdommens Musikkmesterskap annakvart år. Dette var tredje gongen musikktalentet frå Ørsta tok del.