Skapte Hollywood-stemning i Follestaddalen

Jubileum: Historia til Follestaddal hornmusikk er ganske spesiell, det starta opp 2. april 1944 under krigen. Kva som låg bak å starte korps under krigen er usikkert. Kanskje bygdefolket såg at krigen gjekk mot slutten og ville ha musikk til feiringa av frigjeringa? 

Eg håpte at det vart mykje folk her i dag og at dei set pris på at bygda framleis har eit korps, for det er ingen sjølvfølgje

Erlend Andersen
Kultur

75-års jubilanten Follestaddal hornmusikk baud på både filmmusikk og musikalske tilbakeblikk under korpskafeen søndag ettermiddag.