Ørstakalenderen er klar

Samarbeid: Kjell-Frode Davidsen og Lions Club Ørsta får hjelp frå Småjobbsentralen ved Christoffer Räisänen til årets sal av Ørstakalenderen.  Foto: Arkiv

Kultur

Lions Club Ørsta sett i gang salet av Ørstakalendaren fredag.

– Vi startar salet samtidig med Lysfesten i Ørsta sentrum. Det syns vi passa bra sidan vi i år også vil støtte Pepparkakebygda med NOK 3000,-. Vi satsar på å stille mannsterke denne helga, men vi vil bli å sjå i gatebiletet i helgane fram mot jul, seier Kjell-Frode Davidsen, President Lions Club Ørsta, i ei pressemelding.

Småjobbsentralen gjorde seg nokre positive erfaringar då dei bidrog med sal av Ørstakalenderen i fjor, og dei vil også vere med i år.

– Dei får NOK 50,- for kvar kalender dei sel, og dei pengane brukar dei til sosiale tiltak hos seg sjølv tillegg til laussal av kalendrar har vi på førehand kontakta næringslivet i Ørsta og tilbode kjøp av kalendrar samt kjøp av støtteannonsar. Og eg vil rette ei stor takk til eit veldig positivt næringsliv. Utan dykkar gode hjelp hadde det ikkje gått!

– Eg vil også takke Jostein O Moe for eit framifrå arbeid med bilete til kalenderen.

Årets kalender blir årgang 39, og neste år er det jubileum med årgang 40. Det er noko Lions Club Ørsta ser fram til. Overskotet frå salet går uavkorta i støtte til gode tiltak lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

– «Det er Mitt Valg» har våre ein stor utgiftspost, og nye planar er på gong. I tillegg kan vi nemne støtte til Hjørundfjordheimen Bufellesskap sine nye hagemøblar, Aktivitetspark for dei minste i Hovdebygda og som nemnt over, Pepparkakebygda.

– Av nasjonale og internasjonale tiltak kan vi nemne støtte til Ridderrennet, Norsk Førarhundskule og Julekaravan med utdeling av julegåver og mat til fattige barn i Jubarkas, Litauen.